×
bilde av vår barnehage

Velkommen til Trollskogen Barnehage

Trollskogen barnehage ligg i bygda Fusa. Me har ein flott utsikt over Fusa fjorden. I vårt nærområde er det skog, sjø, fjell, skule og butikk. Dette er noko me nyttar oss flittig av.
I dag har Trollskogen barnehage 2 avdelingar: Småtroll med 9 barn i alderen 0-3 år, og Roto som har 13 barn i alderen 2-6 år.
På Småtroll er det spesielt lagt til rette for dei aller yngste borna. Hovudfokuset er naturlegvis primærbehov som tryggheit og omsorg, samt pedagogisk arbeid retta mot aldersgruppa. Roto legg til rette for pedagogisk arbeid med dei eldste barna. To dagar i veka deler me barna inn i aldersdelte grupper. Det vert då fokus på 5 åringane i den eldste gruppa, der dei jobbar med mellom anna overgang barnehage og skule. I Lykketrolla er 3 og 4 åringane. Dei har pedagogisk arbeid retta inn mot si aldersgruppe og jobbar mykje med sosial kompetanse.

Dei vaksne i Trollskogen barnehage legg vekt på gode relasjonar, grensesetjing og varme. Borna lærer korleis dei skal opptre i samhandling med andre. Dei siste to åra har barnehagen saman med Høgskulen Vestland hatt eit utviklingsprosjekt som har heva kompetansen kring voksenrollen med fokus på uteleiken.

Personalet i Trollskogen barnehage jobbar med å skape gode, faste rutinar som er kjent for borna. Dette saman med å vere stabile og gode rollemodellar for borna, gjer at me får trygge og harmoniske barn.
Leiken i seg sjølv er ein viktig del av kvardagen til barna, me nyttar mykje stasjonsleik og leikegrupper. Til dette arbeidet legg me vekt på barns medverknad – kva barna ønskjer leiken skal innehalda. Vaksne er viktige medspelarar og rollemodellar, og vår oppgåve er å skape gode rammer og gi leiken tid og rom, slik at gode relasjonar og vennskap oppstår.
Me nyttar naturen som læringsarena. Den gir oss rike moglegheiter til både læring og utvikling, og skaper gode opplevingar for både barn og vaksne. Me går turar i nærområdet, og nyttar også skogen mykje.

Sjå gjerne på Facebook-sida vår for å få eit innblikk i kva me gjer på.

Vårt overordna mål er "Spre glede"

Vedtekter

Ved å følge lenka under kjem du til vedtektene for kommunale barnehagar i Bjørnafjorden kommune: https://bjornafjorden.kommune.no/_f/p1/i1914a975-dce7-4fc8-8a52-2a983fc34d9a/vedtekter-for-kommunale-barnehagar-fra-010321.pdf  Les mer

Åpningtider

07.00 - 16:30


Adresse

Opsalmarka 12
5641 FUSA

Kontakt

Tlf: 56582356
Tlf: 97588713




Avdelinger

Småtroll

9 barn

Mobil: 90369329

  • Berit Dalland

    Berit Dalland

    Pedagogisk leder

  • Malin Hjelle

    Malin Hjelle

    Barnehagelærer

  • Helene Magnussen

    Helene Magnussen

    Barne og ungdomsarbeider

  • Cathinka Rasmussen

    Cathinka Rasmussen

    Assistent

Roto

18 barn

Mobil: 90364932

  • Janne Gjøen Opsal

    Janne Gjøen Opsal

    Pedagogisk leder

  • Janne Samnøen

    Janne Samnøen

    Barnehagemedarbeider

  • Unni Kvåle

    Unni Kvåle

    Assistent

Andre ansatte

  • Mariann Gjerdevik

    Mariann Gjerdevik

    Styrer